Fv. 63 Geiranger-Eidsdal:

Open for trafikk

Bilete frå vegvesenet sitt webkamera ved Korsmyra laurdag morgon.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Vegen mellom Eidsdal og Geiranger blei opna kl. 10.00 i dag, laurdag.

Det melde Vegtrafikksentralen.

Fv. 63 blei stengt fredag kveld kl. 20.00 på grunn av stor snørasfare.

Ras i Norangsdalen

Også fv. 655 Norangsdalen blei stengt i går kveld, frå kl. 18.00.

Der har det gått snøras, melde Vegtrafikksentralen.

– Det er framleis fare for nye ras. Vegen blir halde stengt på ubestemt tid, skriv dei på Twitter.

Stor snøskredfare

Snøskredvarselet for Sunnmøre er på det høgste nivået laurdag. Årsaka til det er temperaturstigning og svært mykje regn.

– Hald deg unna skredterreng (brattare enn 30 grader) og utløpssoner for skred, skriv varsom.no.

Søndag går varselet eit hakk ned, til nivå 3 – betydeleg.