Brann på Strandafjellet

Fem minutter inn i det nye året, melder Møre og Romsdal politidistrikt at det brenner i ei hytte på Strandafjellet.

Ingen kom til skade i hyttebrannen i Resvegen på Strandafjellet natt til første nyttårsdag, men hytta var overtent og vart totalskadd i brannen.Kreditering: Sunnmøringen-tipsar

Nyhende

Meldinga kom på Twitter seks minutt over midnatt.

Sunnmøringen sin reporter på staden melder om at hytta er heilt overtent. Brannen er på Fursetreset, i Resvegen.

Alle som var i hytta skal ha kome seg velberga ut.