Liabygda:

Innbyggarhøyring per telefon

Fylkesmannen sitt arbeid med grensejustering inneber at liabygdarar over 16 år blir kontakta per telefon frå 15. til 27. januar.

Liabygdarar over 16 år blir kontakta per telefon i veke tre og fire. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Liabygdarane vil då få spørsmålet om kva kommune dei meiner Liabygda skal høyre til i framtida, og det er tre alternativ:

Anten å bli i Stranda kommune, overflytting til Fjord kommune (Norddal/Stordal sameint frå 1. januar 2020) eller anna alternativ.

Resultatet vil vere klart i veke seks, og blir då sendt over til kommunen og representant for innbyggarane i Liabygda, skriv Fylkesmannen.

Grensejusteringsprosessen for Liabygda går føre seg parallelt med prosessen for sørsida i Norddal kommune. Bygdelaga Norddal og Eidsdal har tidlegare signalisert at dei ønsker seg over til Stranda kommune.

Det er marknadsmålingsinstituttet Opinion AS som utfører telefonintervjuet på oppdrag frå Fylkesmannen.

Sluttmøte for grensejusteringsprosessen er sett til 20. mars. Saksutgreiing og tilråding blir så sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som tek endeleg avgjerd i saka.