Fylkesprisen "Årets bedrift":

Ønskjer forslag på kandidatar

Årets bedrift i 2015 Fabrikksjef Jens Peter Brunstad (t.v.), administrerande direktør Kristine Landmark og tillitsvald Harry Malmo kunne i 2016 ta i mot prisen på vegner av Slettvoll Møbler AS.   Foto: Ingvild Dverseth Sæter/Møre og Romsdal fylkeskommune

Tidlegare vinnarar:
  • 2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune
  • 2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune
  • 2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune
  • 2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
  • 2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
  • 2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
  • 2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
  • 2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
  • 2008: Odim AS, Hareid kommune
  • 2007: Brunvoll AS, Molde kommune
  • 2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
  • 2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
  • 2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
  • 2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
  • 2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
  • 2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune
  • Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune etterlys nominasjonar til prisen «Årets bedrift», som Slettvoll Møbler AS vann i 2015.

Fylkeskommunen opplyser at kandidatane kan kome frå alle bransjar innan industri, handverk og service.

Det er regional- og næringsutvalet som vil kåre vinnaren, og dei vil legge vekt på følgjande:

  • Bedriftsøkonomi
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil)

Fristen for å kome med forslag er 1. februar 2018. Fylkeskommunen ber om at ein skriv kort om bedrifta, og kvifor ein meiner dei burde vinne prisen.