Hellesylt-Geiranger:

Utvidar sesongen for turistferja

Reiarlaget The Fjords utvidar ferjesesongen i Geirangerfjorden og startar hurtigbåtrute i Hjørundfjorden, skriv Nett.no.

Turistar om bord M/F Bolsøy. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Frå og med i år blir det ferje mellom Geiranger og Hellesylt frå 1. april, ein månad tidlegare enn i dag. I tillegg startar selskapet å trafikkere strekninga med to ferjer 15 dagar tidlegare og sluttar 15 dagar seinare enn i fjor. Det betyr to ferjer på fjorden frå 15. mai til 15. september.

For to år sidan utvida The Fjords haustsesongen. Tidlegare gjekk turistferja ut september, men frå 2016 har den gått ut oktober månad.


Vekst på alle felt for populær turistferje

Ferjene mellom Hellesylt og Geiranger fekk sin del av turistveksten i år.

Frå 1. juni og ut august skal reiarlaget også drive hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Urke i Hjørundfjorden.

Selskapet har sikra seg ein nyare bruktbåt til sambandet, og målet er å ha tre avgangar om dagen tilpassa busstransport vidare, der busselskapet Fram er partnar. Det førebels ikkje er avgjort om det blir fleire stopp langs fjorden.

2018 er eit prøveår der erfaringane vil avgjere om det kan bli aktuelt å utvide tilbodet og eventuelt investere i nybygg til sambandet, skriv nettavisa.

(©NPK)