Vasslekkasje i Helsemvika

Stranda kommune fortel om vasslekkasje i Strandvegen.

Vasslekkasje i Helsemvika fører til litt dårlegare trykk og grått vatn, men Stranda kommune fortel at dei jobber med saka og vil få det ordna i løpet av tysdagen.  Foto: Anniken Westad (Arkiv)

Nyhende

- Vi har fått ei vasslekkasje på nettet i Strandvegen, ved småbåthamna. Det er ein fem, seks hus som no er utan vatn, fortel Jo Fjellanger i Stranda kommune til Sunnmøringen.

Bebuarar i Helsemvika vil oppleve litt dårlegare vasstrykk og grått vatn.

- Vi jobbar med saka, og vil få det ordna i løpet av dagen, seier Fjellanger.