Mattilsynet:

– Ikkje lov å fôre hjortevilt

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Peter Vibe/Colourbox.com

Nyhende

I vinter har ein ikkje lov til å mate hjortevilt ved å legge ut fôr eller sette ut saltslikkesteinar. Dette forbodet gjeld heile landet, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Tiltaket skal hindre spreiing av sjukdommen skrantesjuke (CWD).

– Første gong ein oppdaga skrantesjuke i Norge, var på ei villreinsimle i Nordfjella våren 2016. Dette var det første tilfelle av sjukdommen på reinsdyr og det første tilfellet av denne smittsame sjukdommen i Europa. Totalt er det påvist 16 tilfelle i Norge så langt, seier Kjell Bjørn Løvik, kommunikasjonsrådgjevar i Mattilsynet Region Midt.

CWD er påvist i 12 villrein i Nordfjella, to elg i Selbu, éin elg i Lierne og éin villhjort i Gjemnes i Møre og Romsdal.


Møre og Romsdal

Avlyser skrantesjuke-alarm

I førre veke blei det påvist skrantesjuke på ein hjort felt under jakt i Møre og Romsdal. Analysar viser at sjukdommen ikkje er av den alvorlege typen.

– Undersøkingar kan tyde på at vi har to former for skrantesjuke, der ein form er svært smittsam, medan den andre opptrer meir spontant og er smittsam i mindre grad. Den svært smittsame varianten har vore kjent i USA og Canada i fleire tiår. Når det gjeld ein mogleg spontan variant veit vi førebels lite, seier Løvik.

– For den svært smittsame varianten, kan eit sjukt dyr som et av, sikler eller urinerer i utlagt fôr kunne spreie smitten vidare til andre hjortevilt som oppsøker staden. Også direkte kontakt mellom hjortevilt kan overføre smitte. Smittefaren auker ved forhold som får hjorteviltet til å samle seg. Utlegging av fôr eller saltslikkestein vil føre til dette, og vil dermed kunne bidra til spreiing av smitte.

Oppfordrar til å følgje reglane

Løvik skildrar forbodet mot fôring som eit viktig tiltak, og ber alle vere lokale mot dette for å hindre spreiing.

Han legg til at det er mogleg, i heilt spesielle tilfelle, å søkje om løyve frå Mattilsynet om kortvarig fôring av ville hjortedyr. Dette kan dreie seg om nødfôring, av omsyn til trafikktryggleiken og ved merkings- og forskingsprosjekt.

Ein kan ikkje tillate utsetjing av saltstein til hjortevilt, seier Løvik. I slike tilfelle må ein søkje om dispensasjon frå regelverket.

Liten risiko for smitte til folk

Den dødelege sjukdommen CWD fører til gradvis tap av nerveceller. Det kan ta opptil fleire år før smitta dyr viser symptom, men når dei først blir sjuke er dei mest framståande symptoma vekttap og endra oppførsel, opplyser Mattilsynet.

– Det er svært liten risiko for at sjukdommen skal smitte til menneske, men ut ifrå eit føre-var prinsipp vil dyr som testar positivt ikkje godkjennast som mat, seier Løvik.