Nortura:

Kallar tilbake bogskinke

LOT-koden er merka med ein raud sirkel på dette biletet. Det er produkt med nummer 7401, 7402, 7411 og 7412 som kan ha metallbitar i seg.  Foto: Nortura

Nyhende

Nortura kallar tilbake eit parti hermetikk, «Gilde bog», etter funn av metallbitar i enkelte boksar.

Produkta som blir kalla tilbake, har følgjande LOT-kodar: 7401, 7402, 7411, 7412 (sjå bilete øvst i saka).

Produsenten opplyser at partiklane stammer frå produksjonsmateriell.

– Det er svært beklageleg at det har komme metallbitar i enkelte hermetikkboksar med bog. Vi har strenge rutinar i produksjonen, og heldigvis er det svært sjeldan at slikt skjer. Mest sannsynleg stammer metallbitane frå ein skjerehanske, og vi kallar tilbake fleire parti for å vere på den sikre sida, seier Eskil Pedersen, assisterande kommunikasjonsdirektør i Nortura.

Produktet blir no fjerna frå butikkhyllene. Selskapet opplyser at dei som har kjøpt bog med dei aktuelle LOT-kodane kan få eit tilsvarande produkt eller pengane tilbake i butikk.