Laserkontroll i sekstisona

Fire tatt for fart i Straumgjerde

Som i førre veke, går det i foraste laget for enkelte bilistar på FV60 ved Straumgjerde i Sykkylven.

  Foto: Illustrasjonsbilete frå arkiv.

Nyhende

Førre veke vart fjorten stykker tatt i fartskontroll i Straumgjerde, sju på måndag og sju på tysdag. Desse fekk forenkla forelegg.

I dag måndag melder Møre og Romsdal politidistrikt at fire bilistar fekk forenkla forelegg som ei følge av høg fart.

Den høgste målte farta i sekstisona på Straumgjerde, var 76 kilometer i timen.