Alperittet 2018

Tre knappe sekund bak rekorden

Torstein Lianes tre knappe sekund bak rekorden i Alperittet 2018.
Nyhende

Lianes er ingen nybyrjar i Alperittet for å seie det slik: Han vann løpet i 2016 med tida 7:03. Den gongen sa han til Sunnmøringen at det var tøffe forhold på toppen av løypa, med eit tjukt lag nysnø.

Ideelle forhold

Slik var det imidlertid ikkje i år - løypa blir omtala som "ideell" både frå arrangørar og løparar ved målpassering.

Lianes kom i mål på tida 6:18, som er ei svært god tid - og over halvminuttet betre enn i siste deltaking i 2016.

Magnus Mork var kvassare enn Lianes på mellomtida - då klokka Magnus Mork inn på tida 1:58, medan Lianes på mellomtida låg på 2:00. Bjarne Solbakken meldte seg òg på som konkurrent på beste mellomtid - han klokka inn på 1: 57 på første mellomtid, heile tre sekund foran Lianes.

Det heldt ikkje heilt inn mot mål - Solbakken fekk til slutt 6:34 som sluttid, og strandaren la seg då inn på sjetteplass.

Løpet til Lianes heldt til siger ved hjelp av imponerande staking i siste del av løypa, noko som førte til at han fekk suverent beste tid, seks sekund foran Magnus Mork på andreplass.

Broren til Magnus, Mathias, låg to sekund bak Magnus ved mellomtid. To sekund differanse var det òg i mål: Mathias Mork kom i mål på 6:26.

Trudde på rekord

Frå løpsleiinga var det tru på rekord i år. Frå speakerbua tok følgande konversasjon plass midtvegs i Alperittet:

- Då ser det ut som om tipset mitt på at bestetida ryk i år ikkje går inn, løperane ligg vel halvminuttet etter, sa rennleiar Paul Ivar Pedersen til leiar for Alperittet Leidulf Årvik.

- For å seie det slik: Du har tatt feil før, kom det muntert frå Årvik.

Bestetida i Alperittet er altså framleis det den har vore sidan 2008: 6 minutt og 15 sekund.