I fengsel for stor fart

Nyhende

Ein strandar er i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel på vilkår for å ha køyrt for fort.

Mannen vart i starten av februar målt i 146 km i timen i ei 80-sone. I retten gav sikta ei tilståing utan atterhald, noko som gav strafferabatt.

Han vart dømt til 18 dagar fengsel på vilkår og fekk inndrege førarkortet i 15 månader, med krav om full ny førarprøve for gjenerverv av førarretten.