Fv. 650 ved Ekre:

Opna etter bilberging

Nyhende

Fylkesvegen ved Ekre, som ligg mellom Liabygda og Stordal, blei stengt onsdag ettermiddag etter ein bilvelt.

Vegen blei opna igjen onsdag kveld, melde Sunnmørsposten.

Politiet i Møre og Romsdal skreiv på Twitter at det ikkje var snakk om personskade, men at uhellet skapte trafikale problem. Dei hadde ei patrulje på staden som regulerte trafikken. Dei hadde fått melding om bilvelten kl. 15.05.