Nye økonomiske retningslinjer:

Skal sikre breibandutbygging

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Samferdselsdepartementet har utarbeidd nye og forenkla retningslinjer for å få stønad til utbygging av breiband i område som det ikkje er kommersielt lønnsamt å byggje i.


Liabygda vil ha fiber

Frustrert over dårleg breiband

Liabygda vel slår seg ikkje til ro med det tilbodet om breiband bygda har i dag.

 

Det er løyvd 149,7 millionar kroner til føremålet i 2018, skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) på nettsidene sine.

Midlane skal delast mellom alle fylka etter ein fordelingsnøkkel som baserer seg på faktisk dekning som er registrert hos Nkom.

Område som ikkje har dekning av grunnleggjande breiband skal prioriterast. Minst 50 prosent av pengane som er sett av skal brukast til utbygging i slike område.

(©NPK)