Sprengkulde gir hopp i straumprisane

Straumprisane er på sitt høgste nivå på 13 månader – og blir spådd å halde seg høge utover våren. Uvanleg kaldt vêr får skulda.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Nyhende

Ein kilowattime kostar no 0,402 kroner i Sør-Noreg og 0,432 kroner i Midt- og Nord-Noreg. Det er meir enn ei fordobling frå same tid i 2016 og ein auke på mellom 50 og 83 prosent frå i fjor, ifølgje tal Nettavisen har henta inn frå straumbørsen NordPool.

Ekspertar skuldar på vêret.

– På kort sikt er det kaldt vêr som sender prisane opp. Samtidig har det faktisk komme litt mindre snø enn kva som er normalt på denne tida av året. Det talar for at prisane vil halde seg høgare enn vanleg utover på våren, seier senioranalytikar Olav Johan Botnen i Wattsight.

Kommunikasjonsdirektør Stina Johansen i NordPool peikar også på kulda.

– Vi ser at vêret spelar ei stor rolle i den norske marknaden. Når kulda kjem, aukar etterspørselen etter straum, og då aukar også prisane, seier ho til Nettavisen.

Meteorologisk institutt bekreftar at det er uvanleg kaldt for tida, og seier samtidig at det ikkje er teikn på vêromslag med det første.

Måndag morgon la SSB fram tal for dei gjennomsnittlege straumprisane for norske hushald i fjor. Dei viste at snittprisen utanom avgifter og nettleige i 2017 låg på 34,4 øre/KWh. Den totale straumprisen for hushald, medrekna avgifter og nettleige, var i gjennomsnitt 96,5 øre per kilowattime. Det er 5,1 prosent høgare enn i 2016.

(©NPK)