Etterlyser betre tilbod for luksusturistar

Luksusyacht på Sunnylvsfjorden. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Arne Inge Tryggestad

Nyhende

Skal norsk reiseliv får tak i fleire rike turistar, må reiselivet leggja til rette fleire eksklusive tilbod, meiner reiselivsaktør.

– Desse kundane reiser over heile verda og krev eit ekstremt høgt nivå på alt. Då held det ikkje berre å peika på ein fjord, seier dagleg leiar og eigar av reiselivsselskapet The Travel Designer, Christine Gaffney, til NRK.

Ho meiner likevel at reiselivsnæringa i Noreg er i ferd med å forstå dette og at fleire luksusturistar no vender blikket mot Noreg.

Kanalen fortel mellom anna at 12 amerikanske og britiske reiseoperatørar sist helg var på omvising i Sogn og Fjordane for å sjå kva fylket kan tilby utanlandske turistar med mykje pengar.

Helikoptertur over Jostedalsbreen og eit besøk på operagarden Villa Åmot i Sunnfjord var noko av det som stod på programmet.

– Kortreist mat av ypparste klasse, kulturopplevingar, historieforteljing, eit varmt vertskap og naturopplevingar i eit storslått landskap utan andre turistar må vera på plass for målgruppa, summerer Steinar Sørli, som eig og driv garden og som satsar på å gje pengesterke turistar ei spesiell oppleving.

(©NPK)