Beinkaldt:

Avlyser skirenn

Frostrøyk over Storfjorden torsdag morgon.  Foto: Anniken Westad

Bilete frå eit langrennsløp i Hyttehola i 2016.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Det var 20 minusgrader ved Hyttehola i Sunnylven då Gisle Aaland køyrde på jobb i dag tidleg. Pendlaren, som var på veg til Volda, skulle vere med å arrangere det siste Sunnylvscup-rennet for sesongen seinare i dag. Det blir det ikkje noko av.

– Når vêret blir slik som dette, er Hyttehola ein plass der det brukar å bli veldig kaldt. Med 20 minus i dag tidleg frykta vi at det rett og slett hadde blitt for kaldt å gå skirenn i ettermiddag og kveld, seier Aaland, styremedlem i skigruppa i Sunnylven IL.

Dei greier som regel å gjennomføre treningane og langrennsløpa dei planlegg, fortel han. I fjor sleit dei med snømangel, men det er sjeldan ein må avlyse på grunn av kulden.

Sidan det er gode snøforhold i år, kan dei kome til å utsetje det siste cuprennet. Men dei vil i tilfelle prøve å halde på fristen for gjennomføring, som er til påske. Då planlegg dei nemleg påskebingo og premieutdeling.

Kaldare i dag enn i går

Ifølgje Meteorologisk institutt var det Surnadal som var kaldast i Møre og Romsdal i natt – med 24,4 minus.

Meldingane på yr.no fortel at det skal vere like kaldt på Roaldshornet i morgontimane i dag (-24) – med ein følt temperatur på heile 33 minus. I "Vêret som var"-funksjonen kan vi lese at det var 17,2 minusgrader på det kaldaste på Roaldshornet i går, og -14,7 på Åkerneset.

I Tafjord, som brukar å vere ein varmerekord-innehavar på desse traktene, var det -8,9 grader på det kaldaste i går.

Vi må vente til i morgon for å få fasiten, men truleg er det ein god del kaldare i dag. Bilen til denne journalisten fortalde at det var -9 grader onsdag morgon, og heile 13,5 minus i dag, torsdag. Og dette er i Stranda tettstad.

Kor kaldt er det hos deg? Tips redaksjonen på post@sunnmoringen.no eller telefon 70 26 11 22.