Nedgangen i arbeidsløysa fortset

Arbeidsløysa fortset å gå ned for kommunane på Indre.

nedgang: Nav melder om nedgang i arbeidsløysa for februar på Indre. arkiv  Foto: Colorbox

Nyhende

Stranda har den største nedgangen i talet på heilt arbeidsledige, både kva gjeld endring siste månad og endring siste året syner tal for februar frå NAV.

Siste månaden er tre færre heilt arbeidsledige i kommunen, medan siste året er det ein nedgang på 35 heilt arbeidsledige.

Norddal har ikkje ein nedgang på heilt ledige i februar, men siste året er tre færre heilt arbeidsledige i kommunen.

Sykkylven ligg stabilt siste månad, med ein nedgang på to færre heilt arbeidsledige siste året.

Stordal har ein nedgang på tre færre heilt ledige siste månad, og ei auke på to fleire heilt ledige siste året.

I fylket som heilskap, gjekk talet på heilt arbeidsledige ned med 1.159 personar siste året. Siste månaden er nedgangen på 300 personar. Det er dei største byane i fylket som har den største nedgangen.

I heile landet er det no 69.789 personar som er heilt arbeidsledige. Dette er 2,5 prosent av arbeidsstokken, og ein nedgang på 17, 7 prosent samanlikna med same periode i fjor.