Betre overvaking av Åkneset

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Hege Bjørkedal

Nyhende

Dersom fjellpartiet Åkneset i Møre og Romsdal rasar ut, vil det føre til ei flodbølgje som kan treffe bygdene i Geirangerfjorden. No har forskarar plassert måleutstyret sitt mykje lenger nede i berget, fortel Forskning.no.

Fjellområdet har i mange år blitt følgt tett opp av ekspertar og ulike typar måleutstyr.


Ein dag i Åkernesremna

Sjå bildeserie frå då Sunnmøringen blei med NVE til Åkernesremna. Geolog Ingrid Skrede tok oss med på tur ned i sjølve remna.

 

Det nye seismiske måleutstyret som jordskjelvforskarar frå NORSAR har fått på plass, skal gi endå betre overvaking. Utstyret er plassert i eit borehol som går ned gjennom glideplanet til fjellpartiet – drygt 50 meter under overflata på fjellet. No kan forskarar ta pulsen på berget heilt nede der gigantskredet kan komme til å losne.

Langt nede i berget er det nesten ikkje støy frå andre kjelder. Dersom forskarane høyrer noko, så er det berget som rører på seg.

(©NPK)


Åkneset

Har kome langt i prosjektet

- Vi ligg godt i rute med kartlegginga ved Åkneset.