Fv 650:

Ventetid på inntil 20 minutt tysdag

  Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen melde at det blir manuell dirigering med forseinkingar på inntil 20 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid i Overå-, Blikshammar-, og Lingetunnelen på fv. 650 i morgon, tysdag.

Dette gjeld frå kl. 09.00 til kl. 13.00.

Vegvesenet opplyser at utrykkingskøyretøy framleis kan passere i dette tidsrommet, og at rutebilar vert prioriterte.