Noregs verste veg?

Er dette den verste vegstrekninga i landet?  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Fylkesveg 60 mellom fylkesgrensa og Hornindal er ein av dei nominerte til å arve tittelen «Noregs verste veg».

Dette opplyser NRK.

Strekninga mellom Olden og Innvik, som ligg langs same fylkesveg, har i mange år hatt den lite flatterande uoffisielle tittelen.

Etter at vegen er utbetra har NRK teke på seg å finne arvtakaren, og ber folk om å nominere sin «favoritt».

Fleire hundre forslag har kome inn, mellom anna den humpete og uoversiktlege strekninga av Fylkesveg 60 som går frå Grodås til fylkesgrensa.

Fylkesveg 618 frå Selje til Måløy er òg nominert.