Opplagstal:

Liten nedgang for avisa

Nyhende

I 2016 hadde Sunnmøringen eit nettopplag på 1.674. I fjor var dette gått ned til 1.648 – ein tilbakegang på 1,55 prosent.


 

2017 var eit nedgangsår for 15 av dei 20 avisene i Møre og Romsdal, skriv Sunnmørsposten. Den største nedgangen ser ein hos Nordvestnytt på Nordmøre (-10,9 prosent) og Møre-Nytt (-6,05 prosent), melde avisa – som sjølv er blant dei som kan feire oppgang i abonnenttala, på 1,16 prosent.

Størst auke i fylket er det for Øy-Blikk i Giske kommune, som gjekk opp 6,1 prosent frå 2016 til 2017.


Mediebedriftene: Første opplagsframgang på 19 år

105 norske mediehus hadde opplagsframgang i 2017, viser ferske tal frå MBL. For første gong les fleire på mobil enn på papir.