Tilskot til verdsarv

  Foto: Svein Lunde

Nyhende

Norske verdsarvstadar har fått over 62 millionar kroner i tilskot frå staten til vidare arbeid med verdsarven.

– Åtte fantastiske og unike stader i Noreg er skrivne inn på Unescos verdsarvliste. Midlane til den norske verdsarven går både til istandsetjing, vedlikehald og formidling, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.


Liste over tilskotsfordeling:

Struves meridianbue: 1.200.000,-

Bergkunsten i Alta: 4.000.000,-

Vegaøyan: 2.000.000,-

Bergstaden Røros og Circumferensen: 15.050.000,-

Vestnorsk fjordlandskap: 3.000.000,-

Bryggen i Bergen: 15.100.000,-

Urnes stavkirke: 1.180.000,-

Rjukan-Notodden industriarv: 20.700.000,-

Kjelde: Riksantikvaren

 

Rjukan, Røros og Bergen

Industriarven i Rjukan og Notodden vart tildelt verdsarvstatus i 2015. Dei får i år over 20 millionar i tilskot til arbeidet med istandsetting og formidling. Mandheimen på Rjukan fekk store skadar i ein brann i 2016 og halvparten av midlane går til arbeidet med denne bygningen.

Bergstaden Røros og Circumferensen får over 15 millionar kroner. Her skal blant anna pengane brukast til utbetringa av Olavsgruvaveien og istandsetting av verneverdige hus. Med over 15 millionar til Bryggen i Bergen held istandsetjingsingsarbeida fram også der.

Alle får

Verdsarven i Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Vestnorsk fjordlandskap får til saman 3 millionar kroner i tilskot. Urnes stavkyrkje i Sogn får nær 1, 2 million kroner, medan bergkunsten i Alta i Finnmark får 4.000.000. I Finnmark står også dei fire norske målepunkta på Struves meridianboge. Arbeidet med skjøtsel og formidling av Struves meridianboge får i år tilskot på 1.200.000 kroner. Vegaøyan får 2 millionar i årets tildeling.

(©NPK)