Krafttak mot kreft

Russen er klare til innsamling

Onsdag den 14. mars tek Stranda-russen fram bøssene att. Stikkordet for i år er seinskadar etter kreft.

F.v. Russepresident Åsta Løfald, Terese Aanning, aksjons­sjef Maja Fly­dal Ringdal og Josefine Emilie Sve Hagen er klare til Krafttak-innsamling.  Foto: Stine Bjørdal

Nyhende

Førstekommande onsdag kan det vere lurt å huske og stikke innom minibanken på veg heim frå arbeid. Utpå ettermiddagen kjem nemleg Stranda-russen og den årlege innsamlingsaksjonen «Krafttak mot kreft» på besøk.

– Støtt årets aksjon

Oppmodinga frå ungdommane er klar.

– Vi håper alle tek godt imot oss og støtter årets aksjon, seier russepresident Åsta Løfald, og legg til;

– Og om du ikkje er heime så har vi Vipps. Send oss gjerne nokre kronar.

Av om lag 55 elevar som skal på med russedressen i mai har 40 meldt seg på som bøsseberarar.

– Vi har ikkje fordelt rodene endå. Men vi er bra med folk, så vi går ut frå at vi kjem oss ut overalt, seier Løfald.

Satsar på rekord

Innsamlinga til russen på Stranda har i år fått eige Vippsnummer og nettside. Her hadde det starta rulle inn pengar allereie måndag ettermiddag.

– Vi skal samle inn minst like mykje som i fjor, helst meir, seier aksjonssjef Maja Flydal Ringstad.

Jentene fortel at dei i tillegg til bøsseberinga kontaktar lokalt næringsliv.

– Vi sende ut mail til lokale bedrifter i dag, seier Løfald.

– Kjem dykk til å klare målsettinga?

– Ja. Med støtte frå lokale bedrifter og dei private bidraga skal vi få til det, trur jentene.

Russen arrangerer i tillegg revy og gir ut avis der overskotet går til velgjerande førmål.

Seinskadar etter kreft

Det er Kreftforeningen som står bak aksjonen. Pengane frå årets innsamling går til forsking på seinskade og livskvalitet til dei som er ramma av kreft. Meir enn 32.000 menneske får diagnosen kvart år. Moderne behandling gjer at så mange som to av tre overlev.

– Fleire og fleire vert friske att etter kreft, men behandlinga utgjer ein risiko for seinskadar. Ein av tre som overlev behandling vert ramma av det, og slit med fysiske og psykiske skader, fortel Løfald.

– Alle vil i løpet av livet oppleve kreft på nært hald, om det er som pårørande eller det er ein sjølv som vert ramma. Tidlegare har fokuset vore på førebyggjande arbeid, no er fokus på oppfølging. Det er eit viktig fokus, meiner jentene.