Spår fall i arbeidsløysa i fylket

Det ligg an til auke i både produksjon og sysselsetting i fylket framover, viser tal frå SSB.

Sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre. Pressebilete.  Foto: Sparebanken Møre

Nyhende

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Sparebanken Møre.

På oppdrag frå banken har Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeida ei konjunkturanalyse for Møre og Romsdal. Den indikerer ein oppgang i sysselsettinga i år og neste år på totalt 2.800 personar. I same periode spår dei ei auke i arbeidsdyktige på 2.100 personar, noko som fører til at arbeidsløysa i fylket vil falle med 700 personar i denne perioden.

Auka konsum

– Oppgangen vil finne stad i dei fleste næringar og bransje, I industrien er det særleg produksjon av konsumvarer, skip og plattformer og kraftkrevjande industri som vil stige, seier Inge Furre, sjeføkonom i Sparebanken Møre i pressemeldinga.

Av andre næringar i vekst trekk han fram varehandel, forretningsmessig tenesteyting, finansiell tenesteyting, omsetning og drift av bustader, samferdsle, bygg og anlegg, fiskeoppdrett og fangst og sal av fisk.

Mindre auke i offentleg sektor

Innanfor offentleg forvalting blir det spådd auke i produksjon, sysselsetting og investeringar, særleg innanfor helse og sosialteneste, undervisning og administrasjon. Her vert derimot ikkje veksten i sysselsettinga like høg som tidlegare.

– Det må sjås i samanheng av at vekstutsiktene for norsk økonomi er blitt betre. Behovet for ein ekspansiv finanspolitikk, det vil seie ein finanspolitikk som bidrar til auka vekst, har blitt mindre, seier Furre i pressemeldinga.