Inviterar Stranda i dialogmøte

Sykkylven sonderer nabokommunar

Sykkylven vil diskutere mogleg samanslåing med Stranda.

Arkivbilete frå forhandlingsmøte mellom Sykkylven og Stranda i mars 2016. Frå venstre Petter Lyshol, May-Helen Molvær Grimstad, Odd, Jostein Drotninghaug, Njell Hoftun, Erlend Krumsvik, Kjartan Lied, Åse Elin Hole, Svein Erik Rimstad, Frank Sve.   Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

I eit brev til Stranda kommune inviterer kommunestyret i Sykkylven til dialogmøte om kommunestruktur torsdag den 15. mars på Sykkylven rådhus.

Behov for endringar

Kommunestyret i Sykkylven handsama i slutten av februar sak om kommunestruktur. Dei ser behov for å sjå på moglege endringar, noko som inneber at dei kan gå saman med ein eller fleire kommunar, skriv dei i brevet.

I første omgang prioriterer dei å gjennomføre sonderingar med nabokommunane.

Med å halde dialogmøte ønskjer dei å sjå om det kan vere eit grunnlag for å gå vidare i nærare drøftingar.