Ønskjer å ta i bruk gravplassen

Kyrkja har det siste året fått på plass nytt gjerde, og tre er tatt bort for å sikre muren, opplyser Sunnylven sokneråd. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Sunnylven Sokneråd fortel at ein skal i gang med oppgradering og nyregulering av gravfeltet rundt Sunnylven kyrkje. Målet er å ta i bruk kyrkjegarden som gravplass igjen.

– Det er teikna forslag til nytt kart etter dei nye forskriftene om storleik på grav. Dette vert tilpassa dei eksisterande gravene. Ved oppteikninga finn ein mange gravminne som det ikkje lenger er nokon festar til. Gravminna kan då etter visse reglar takast bort for å gje plass til ny grav. Nokre av desse vil ein likevel la stå, nokre av omsyn til gravsteinane sin spesielle karakter andre av lokalhistoriske årsaker, skriv dei på Facebook.

På Kyrkjelydshuset og i banken ligg det bilete av steinane som er foreslått fjerna.

Soknerådet ønskjer innspel og kommentarar om forslaget. Dei inviterer også til informasjonsmøte om saka på Kyrkjelydshuset onsdag 4. april.