Promillekontroll på Sve

Tysdag morgon kontrollerte politiet bilistar på Sve.  Foto: Maria Henriksen-Sandvær

Nyhende

Tysdag morgon og føremiddag heldt politiet promillekontroll på Sve i Stranda.

I løpet av knappe fire timar vart 170 køyretøy kontrollerte.

Ein førar er mistenkt for lågpromille, opplyser operasjonssentralen til politiet.

Lågpromille vil seie promille over 0,2, men under grensa for førarkortbeslag på 0,5.

– Sak er oppretta og blodprøve teke, seier operasjonssentralen.

Om blodprøva skulle vise at det er snakk om lågpromille vert førar bøtelagt, men han mister altså ikkje retten til å køyre bil.