Ifølgje reisebarometer for 2018:

Svenskane drøymer om noregsferie

Hurtigruten «Trollfjord» helsa frammøtte på Ljøen gratulerer med femårsmarkering av verdsarvstatusen. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Tips kan kome frå så mange plassar.

Denne gongen har vi bite oss merke i at fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik nemner ei svensk undersøking i «Statusrapporteringa for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal – heile 2017» – ei sak som skal handsamast av Regional- og næringsutvalet i dag, tysdag.

– Trendane viser at etterspurnaden etter norske fjordar vil halde fram og i ei nyleg lansert undersøking frå Sverige er dei norske fjordane høgt på svenskane si «bucket list» (delt andre plass med Toscana i Italia), skriv han der.

Drøymer om Hurtigrute-tur

Dette måtte vi finne ut av, og Googla oss fram til det svenske reiseselskapet Resia sitt barometer for 2018. Der kjem det fram at svenskane drøymer om å reise til nettopp Noreg (delt andreplass med Italia), USA, Japan og Australia. Maldivene står høgst i kurs.

Den såkalla «bucket lista» (på norsk: Liste over ting ein har lyst å gjere før ein døyr) i barometeret er som følgjer:

  1. Luksusferie på Maldivene
  2. Oppleve dei norske fjordane om bord i Hurtigruten/Bu på vingard i Toscana
  3. Køyre Route 66 eller Highway 1 i USA
  4. Oppleve kirsebærblomstringa i Japan
  5. Snorkletur til Det store barriererevet
  6. Isbjørnsafari på Svalbard
  7. Oppleve den franske rivieraen i ein kabriolet eller yacht
  8. Leve som Robinson Crusoe på ei aude øy
  9. Helikoptertur over New York
  10. Reise på yogaretreat til Bali

Hurtigrute-tur er på førsteplass hjå den eldste gruppa (56-79 år), etterfølgt av ferie på ein vingard i Torscana og kirsebærblomstringa i Japan. Mellomgruppa (35-55 år) har Hurtigruten på tredjeplass – berre slått av luksusferie på Maldivene og bilferie i USA.

Reisebarometeret baserer seg på bookingstatistikk for fly, charter, pakkereiser og cruisereiser i løpet av 2017, samt ei undersøking gjort av Kantar SIFO. Dei har intervjua 1 079 personar, opplyser reiseselskapet.

Trendy med Hurtigruten?

Resia skildrar Hurtigruten som ein av dei heitaste reise-trendane i Sverige for tida. Ein slik tur er billegare før, og i løpet av 2017 såg dei ei auke på 20 prosent i tingingane samanlikna med 2016.

– Auka har vore på heile 350 prosent over ei fireårsperiode, og interessa held fram å stige. Til og med blant dei unge. Det er lett å tru at det berre er den eldre gruppa som planlegg ei reise med Hurtigruten, men sanninga er at ei slik reise hamnar på femteplass blant dei yngste sine drøymereiser, skriv dei i barometeret.

Dei yngste i denne undersøkinga er mellom 16 og 34 år.

Optimisme føre 2018-sesongen

Den låge kronekursen, som gjer det billegare for utanlandske turistar å reise til Noreg, gir grunn til optimisme også i 2018, meiner fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

– Korleis dette vil slå ut for Møre og Romsdal er sjølvsagt vanskeleg å seie, men ein låg kronekurs vil heilt klart vere positiv for internasjonale gjester. Den viktigaste marknaden for Møre og Romsdal er likevel nordmenn. Den låge kronekursen kan påverke nordmenn sine ferievanar då dette resulterer i dyrare utanlandsreiser og dermed vel kanskje fleire å feriere i eige land. Det er mykje som tyder på at den låge kronekursen vil vare ved også i 2018.

I saksframlegget kjem det fram at dei vestnorske fjordane er populære, og at Fjord Noreg er den regionen som aukar mest i talet på overnattingar i heile landet. 

– Nord Noreg aukar noko meir i prosent (4,5 prosent mot 3,6 i Fjord Noreg-regionen), men dei har eit lågare tal overnattingsdøgn som utgangspunkt og da blir den prosentvise endringa høgare.

I Geiranger var det 306 854 overnattingar i 2017 (eksklusive overnattingar på vandreheimar). Dette er ei auke på 12,2 prosent samanlikna med 2016.


Geiranger-Trollstigen:

Auke i talet på overnattingsdøgn blant turistar

Den prosentvise framgangen har vore større lokalt enn i Fjord Norge og i Møre og Romsdal.