– Om vi har gjort feil, så skal vi rette opp

Dagleg leiar i Stranda Eigedomsselskap AS, Ivar Jan Langlo, seier at selskapet skal sjå på om dei har gjort feil med omsyn til husleige og innkreving.

VIL RETTE OPP: Dagleg leiar i Stranda Eigedomsselskap AS Ivar Jan Langlo fortel i sitt tilsvar i saka at ein skal gå inn og sjå på saka og rette opp om det er gjort feil. arkivfoto  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

I tråd med Ver varsam-plakaten si fråsegn i punkt 4. 14, plikter Sunnmøringen å tilby samtidig imøtegåing av sterke skuldingar som er framsett.

Sunnmøringen har difor kontakta Stranda Eigedomsselskap AS for å få deira syn i saka.

– Vart gjort ein feil

– I tilfellet med leigetakaren som har fått varsel om husleigeauke, så vart det gjort ein feil då den originale kontrakta vart underskrive, seier Langlo.

– Vedkommande vart avkrevd for lite i husleige i det originale vedtaket, og det hadde vi ein dialog på som eg opplevde vi var samde om. Ny kontrakt vart skriven med korrekt husleige og signert av begge parter, seier Langlo.

Han viser til at ny husleige for januar er ei regulering av husleiga jamfør konsumprisindeksen, som òg står oppført som merknad i kontrakta.

– Om vi har gjort feil her med omsyn til når vi kan regulere husleige og varsling om dette, så skal vi sjølvsagt rette dette opp. Eg kan ikkje umiddelbart svare på om det er tilfellet i denne saka, det må eg undersøke nærmare, seier Langlo.

Han fortel at utgifter til trappevask er ein felleskostnad som står nemd i kontrakten, og som blir fordelt mellom bebuarane.

– Skifte av vifte på ventilasjonen blir gjort som ein service for bebuarane. Det har vore kotyme i alle år å krevje dette inn utanom husleiga, seier han.

– Har Stranda Eigedomsselskap eit spesielt ansvar for at det formelle er i orden, sidan de leiger ut kommunale bustader, spør Sunnmøringen.

– Ja det har vi. Og eg opplever at vi er vårt ansvar bevisst. Vi har tett kontakt med offentlege instansar og tilrettelegg så godt vi kan, seier Langlo.

Semje om oppussing

Vedrørande leigetakaren som klaga over dårlege buforhold i ei leiligheit i eitt av bygdelaga, fortel Langlo at dei har kome fram til semje.

– Observasjonane som Sunnmøringen gjorde med mugg og laus mur i omnen gjorde eg òg då eg var på vitjing førre veke. Problemet fram til då har vore å få tilgang til å sjå på leiligheita, fortel Langlo.

– No har eg sjølv prata med leigetakaren, og vi gjekk igjennom leiligheita og såg på kva som er av problem. Dette skal vi pusse opp og ordne, og eg kjem til å følge opp dette vidare. Eg opplever at vi har ein god dialog og vi er godt forlikte, seier han.