Leieboerforeningen gir leigetakaren fullt medhald i saka

Leieboerforeningen gir i si juridiske vurdering leigetakar fullt medhald i saka.

På veg inn: Ny dagleg leiar i Stranda Eigedomsselskap AS er Ivar Jan Langlo.  Foto: Tetiana Vitsenko/Colourbox

Nyhende

Leigetakaren har bede Leieboerforeningen om ei juridisk vurdering i saka, og svaret kom på epost tysdag ettermiddag.

Eitt år mellom kvar auke

Leieboerforeningen skriv i si vurdering at ein kan justere husleiga i samsvar med justering av konsumprisindeksen. Den einaste lovlege måten å endre leiga på i eit løpande leigeforhold er forutan avtale, og at det må ha gått minst eitt år sidan førre leigeprisfastsetting.

Ergo kan husleiga først endrast 1. november 2018, skriv Leieboerforeninga.

Dei meiner òg at leigetakaren kan krevje tilbakebetaling av for mykje betalt leige, og at huseigar ikkje kan legge krav om tilbakebetaling av for mykje betalt leige til grunn for ei oppseiing av leigeforhaldet.

Leieboerforeningen har òg vurdert fakturering for trappevask og skifting av vifte til ventilasjonsanlegg, som leigetakaren har fått eigne krav på.

Ansvaret for vedlikehald er i utgangspunktet at huseigaren har ansvar for vedlikehald av eigedommen forøvrig, inklusive fellesarealer.

– Alle unntak frå loven sitt utgangspunkt må kome klart fram i avtalen. Din leigeavtale er taus kva gjeld ansvarsfordelinga for regelmessig reinhald av fellesareal, og utgangspunktet til lova må leggast til grunn. Dette er difor ein kostnad utleigar må betale, skriv Leieboerforeningen.

Skifte av vifte på ventilasjonsanlegg er etter Leieboerforeningen si vurdering snakk om vedlikehald av den faste delen av eigedommen.

I si vurdering skriv Leieboerforeninga at øvrig vedlikehald av fast del av eigedommen, som utskifting av slitedeler, må dette ansvaret falle på utleigar.