Betydeleg snøskredfare

Naturleg utløyste skred

Illustrasjonsbilete.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Faren for snøskred på Sunnmøre vart sundag justert opp att til nivå 3, betydeleg, etter å ha vore moderat nokre dagar.

– Mykje vatn i snøen og høge temperaturar gjer at det kan gå naturlege våte laussnø-, flak- og glideskred, skriv varsom.no.

Både middels store og store naturlege skred kan førekomme. Våte laussnøskred er forventa, og farenivået for desse er betydeleg i alle himmelretningar.

Smelting frå bakken gjer at også faren for glideskred er betydeleg i alle himmelretningar.

– Unngå ferdsel i og nedanfor fjellsider med ferske glidesprekkar. Det er vanskeleg å føresjå når slike skred vil losne, skriv varsom.no.

Laurdag vart det meldt om skredaktivitet i både Norddal og Volda kommune. I Ørsta kommune er det registrert glidesprekkar ved om lag 1000 moh sundag.