Testar sirene på nytt i Stranda sentrum

Den siste varslingstesten til Åknes/Tafjord Beredskap avdekka dårleg lyd frå dette sireneanlegget på taket til Kyrkjegata 23 (tidlegare kjent som ASVO-bygget).  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Då Åknes/Tafjord Beredskap IKS testa systema for befolkningsvarsling i storfjordkommunane på torsdag i førre veke, vart det avdekka dårleg lyd frå sireneanlegget ved Byrg i Kyrkjegata.

Denne sirena vil derfor bli testa på nytt i morgon, tysdag, kl. 13.00, opplyser det interkommunale selskapet.


Alarm i Storfjord-kommunar

Høyr tsunami-test her

Ved 15-tida i dag gjekk alarmen frå tyfonar i dei fire kommunane Stranda, Stordal, Norddal, og Ørskog. Alarmen er ein test og publikum skal ikkje gjere noko.