Gir tilskot til kjøp av miljøvennleg varebil

Illustrasjonsbilete.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

No kan du få 13.000 kroner i statstilskot om du kjøper eller leasar ein varebil med nullutslepp. Både privatpersonar og bedrifter kan søke.

Den nye tilskotsordninga er eit verkemiddel for å stimulere til lågare klimagassutslepp frå varetransporten, skriv Miljødirektoratet på heimesidene sine.

Ein nullutsleppsvarebil er anten elektrisk- eller hydrogendriven. Hybrid eller ladbar hybrid er ikkje omfatta av ordninga.

Det er Stortinget som har vedtatt ordninga.

(©NPK)