Sognefjellet opna for trafikk

Frå fylkesveg 55 ved Sognefjellshytta. Skjermdump frå vegvesenet sitt webkamera.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Onsdag kunne Vegvesenet opne den vinterstengde nasjonale turistvegen over Sognefjellet for trafikk.

Fylkesveg 55 opna klokka 12, som planlagt, skriv Sogn Avis.

– Snøen var lettare å frese på i år og ikkje så hardpakka, seier Johann Njaastad i Statens vegvesen til avisa.

Planen var å opne den vinterstengde fjellovergangen innan 1. mai, og det gjekk altså med grei margin.

Mellom Prestesteinsvatnet og Rustasætre er likevel fjellvegen framleis nattestengd frå 20.00 til 8.00 fram til 8. mai.

(©NPK)