No har også teleskadeskiltet velta...

Skiltet er ikkje det einaste som har velta utfor fv 60 i Hornindal.  Foto: Tipsar/Fjordingen

Nyhende

(Fjordingen:) - No er det ille, seier ein tipsar til Fjordingen. Eitt av skilta som vart sett opp for å varsle teleskade på fv 60 mellom Tomasgard i Hornindal og fylkesgrensa mot Møre, vart dei siste vekene ståande på ein liten snøklatt i veggrøfta. Og då snøen smelta, velta skiltet ned i grøfta.

- Det symboliserer forsåvidt situasjonen godt. Her har både bilar, vogntog og no også skilt velta utfor den dårlege vegen, seier tipsaren.

Denne artikkelen vart først publisert av Fjordingen.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Vogntog velta: Omfattande berging