Vel gjennomført scenepresentasjon for Lokalmat UB:

Sjå video frå noregsmeisterskapen

Kreditering: Lokalmat UB/Stranda vgs.

Lokalmat UB vann heile seks prisar under fylkesmessa, noko som er ny rekord for ungdomsbedrifter ved Stranda vidaregåande skule.   Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde

Nyhende

Noregsmeisterskapen i ungdomsbedrifter vart opna i dag, torsdag. Meisterskapen skal gå føre seg i to dagar, og blir arrangert i Norges Varemesse i Lillestrøm.

Lokalmat UB frå Stranda vidaregåande skule er blant dei som kjempar om tittelen «Beste ungdomsbedrift», etter å ha gått av med sigeren i denne kategorien på fylkesmessa i Molde i mars.

Elevane gjennomførte nyleg scenepresentasjonen sin i konkurransen. Sjå video av denne øvst i saka!

Seinare i ettermiddag og i morgon tidleg blir det panelintervju for alle deltakarane. Fredag blir det også open utstilling, med besøk av kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) – og sjølvsagt prisutdeling.

Overbeviste juryen i Molde

Lokalmat UB har utvikla ein mobilapplikasjon (app) som inneheld oppskrifter på lokale middagsrettar og historiene til ulike lokalmatprodusentar.

– Ungdomsbedrifta overbeviste juryen med ein profesjonalitet i alle ledd. I bedrifta er det eitt sterkt team, som utfyller kvarandre på ein god måte. Gjennom å kople norske tradisjonar saman med moderne teknologi bidreg dei til stor verdiskaping, skreiv juryen i grunngjevinga då Lokalmat UB vart kåra til den beste ungdomsbedrifta i fylket.