Storkontroll ved Svemorka-krysset

Ein mann frå Stranda kommune blåste lågpromille under storkontroll ved Svemorka-krysset torsdag morgon.

Politiet kontrollerte 448 sjåførar for promille i morgontimane torsdag.   Foto: Illustrasjonsbilete frå arkiv.

Nyhende

Operasjonssentralen til politiet opplyser at dei har hatt fleire kontrollar i fylket i morgontimane torsdag.

– På Stranda kontrollerte vi primært promille, fortel Jan Helge Kjøl på operasjonssentralen.

448 bilar og førarar vart sjekka i løpet av den fire timar lange kontrollen. Sju politimenn deltok.

– Vi hadde eit utslag på lågpromille, på ein mann i 30 åra frå Stranda kommune, opplyser Kjøl.

Mannen vart teke til blodprøve og sak er oppretta.