– Kommunane kan gjera meir for miljøet

Ladestasjon ved Norsk Fjordsenter i Geiranger. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Mange kommunar kan gjera meir for å påverka utslepp av klimagassar både lokalt og nasjonalt, konkluderer ny rapport.

– Kommunane er viktige aktørar for at Noreg skal nå klimamåla. Mange er godt i gang og nokre har blitt spydspissar i klimaarbeidet. Ifylgje denne rapporten kan kommunane få til endå meir ved å integrera klimaarbeidet betre i eiga verksemd, som drift og innkjøp, seier direktør for Miljødirektoratet Ellen Hambro.

Ho meiner kommunane også kan ta ei viktigare rolle som samfunnsaktør og pådrivar for å utvikla eit klimavennleg samfunn.

Hambro nemner samtidig fleire døme på korleis kommunane alt har teke grep. Det dreier seg til dømes av arbeidet for å få ned av oljefyring, redusert utslepp av avfall, og det å leggja til rette for auka bruk av elbil, kollektivtransport og det å sykla og gå.

(©NPK)