NM for ungdomsbedrifter

Sterk innsats frå Lokalmat UB

Ungdomsbedrifta Lokalmat UB fekk mange godord frå juryen under NM for ungdomsbedrifter.
Nyhende

Lokalmat UB sin app vann i kategorien for "Beste samarbeid med næringslivet" og kom på andreplass totalt i NM.

Juryen si uttale for kategorien Beste samarbeid med næringslivet" - 1. plass til Lokalmat UB:

"Vinnaren i kategorien "Beste samarbeid med næringslivet" har eit særs breitt nettverk, og har demonstrert ei grunnleggande forståing for korleis dei kan bruke næringslivet til å utvikle sitt produkt til det betre. Dei har hatt tett kontakt med både mentor og andre nøkkelpersonar og bedrifter heile året, og dei har strategisk valdt samarbeidspartnarar for å utfylle deira behov for kompetanse og utvikling.

Dei syner ein imponerande heilskap der samarbeid med næringslivet har vore avgjerande i alle delar av prosessen. Resultatet av samarbeidet er ein applikasjon der både teknisk løysing og innhald framstår som meget profesjonelt."

Juryen si uttale for kategorien "Beste ungdomsbedrift" - 2. plass til Lokalmat UB:

"Denne bedrifta har utvikla ei nyskapande og brukarvennleg applikasjon som løfter fram lokal kultur. Dei har jobba sjølvstendig i alle faser av utviklinga og sikra kvalitet i produktet. Applikasjonen er tilrettelagd for at lokalt næringsliv skal kunne tilby tilleggstenester. Juryen har latt seg begeistre av eit gjennomtenkt konsept."

Juryen si uttale for kategorien "Størst verdiskapingspotensial" - 2. plass til Lokalmat UB:

"Bedrifta skil seg ut frå andre tilsvarande tenester på marknaden, og har laga si eiga nisje for denne typen app for å ivareta lokale mattradisjonar. Bedrifta har lukkast med å oppnå god kontakt med partnarar i verdikjeden både på produsent- og distributørnivå.

Produktet som bedriften presenterer er leveringsklart og har allereie gått "liv". Appen verker svært gjennomtenkt, med godt design og fokus på brukaroppleving.

Leiinga i bedrifta verkar inngåande interessert i produktet og har openbart lagt ned ein imponerande jobb i utviklinga av produktet."