Barnevernvaktsamarbeidet startar

Stranda kommune blir ein del av interkommunalt barnevernvaktsamarbeid.

BARNEVERN: Stranda kommune vil frå 30. april inngå i det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet mellom Stranda, Sykkylven, Sula og Giske. illustrasjonsfoto  Foto: Frilans

Nyhende

Stranda har gått saman med Giske, Sula og Sykkylven om barnevernvaktsamarbeid.

Barnevernsvakta har teneste 24 timar i døgeret, 365 dagar i året.

– Det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet har oppstart 30. april, og organiserast som ei bakvaktsordning på telefon som vil vere bemanna etter kontortid (frå 1530 til 0800) og helg/høgtid heile døgnet, står det i ei pressemelding frå kommunen.

– Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar som er i akutt krise, og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernsvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barnevernstenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernsvakta vurdere å rykkje ut for å hjelpe i situasjonar meir aktivt, skriv kommunen vidare.

Dei fire kommunane har felles vakttelefon. Telefon-nummeret ein kan nå barnevernsvakta på er 412 84 400.