Lesarinnlegg om Strandryddardagen

Behov for ein kollektiv dugnad!

Kampen mot forsøpling: Dette er eit av tre område som Lodve Solholm vil ha eit særleg fokus på i sitt siste år som fylkesmann. Målet er å få fleire med på ein kollektiv dugnad. Illustrasjonsbiletet er frå søppeldumpinga på Kjølen, som vart oppdaga denne veka. Foto: Anniken Westad  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Strandryddedagen er ein nasjonal miljødugnad i regi av «Hold Norge Rent» der fleire tusen frivillige ryddar strender, øyar, holmar og havbotn langs kysten så vel som langs bekkar, elver og innsjøar. Vi kan alle bidra, gjennom å inviterer familie, vener, kollegaer, nabolag, idrettslag, velforeiningar, dykkarklubbar, bedrifter, barnehagar, skular, med fleire til å delta.

Mange strender og viker i vårt fylke flyt over av søppel. Søppel skjemmer ut våre kjæraste turmål og gjer stor skade på natur og dyreliv. Skal fylket vårt stå fram som så vakkert som det fortener, må vi handle i fellesskap.

Sjølv om det no er mykje fokus på havsøppel, må vi ikkje gløyme at avfall som er tømt ulovleg i skogholtet kan gje dei same skadane for livet på land. Det kan utgjere ein større forskjell enn du trur å fjerne ein plastpose frå naturen.

Plastforsøpling i havet er eit av vår tids største miljøproblem

Kvart år vert det tilført store mengder søppel i fjordar og havområde. Enten det vert kasta, mista eller at det bles på sjøen. Forsøpling av strendene og havet aukar. Det kjem stadig fram nye negative konsekvensar av plastforureininga. Avfallet vi ser i strandsona er berre ein liten del av den totale mengda. Kysten vår mottar avfall frå andre land, men ein skremmande stor del ser ut til å vere vårt eige.

Alt liv i havet kan på ein eller anna måte verte råka av mikroplast. Det er vanskeleg eller umogleg å bli kvitt det, og vi veit enda ikkje i kva grad det verkar inn på oss menneske.

Kommunane er mynde for å kunne gje pålegg til opprydding av avfall og forsøpling. Vi vil oppfordre kommunane i Møre og Romsdal til å gje dette temaet eit ekstra fokus, gjennom å bidra med å sette forsøpling på dagsorden i kommunestyra. Fylkesmannen vil i år også ha ekstra fokus på forsøpling og avfall i all oppfølging og kontroll med næringslivet.

Forsøpling er forbode

Eg vil minne om at er forbode etter norsk lov å kaste ifrå seg ting utanom tilrettelagde løysingar for innsamlinga av avfall. Likevel flyt det over med søppel overalt i naturen. Vi har alle eit ansvar for å rydde etter oss. Vi må slutte å kaste ting ifrå oss og tru at det er rett at andre skal rydde opp. Vi må bry oss og sjå at vi alle kan utgjere ein forskjell, og vi må tørre å seie ifrå til kvarandre.

Pass ekstra godt på søppel og gjenstandar som ligg ute og som kan bli tatt av ver og vind, spesielt før stormen kjem. Kvar gong det bles eller regnar kraftig vert små og store gjenstandar ført på avvege. Vi kan alle bidra med å rydde litt ekstra når vi ser at det trengst. Gjer alle det, minskar vi søpla i naturen og langs strendene våre berre ved å etablere ein god vane.

Eg vil oppfordre alle vaksne til å ta litt meir ansvar og vere gode føredøme for ungane våre. No er det behov for ein kollektiv dugnad der vi alle kan utgjere ein forskjell. Vi må kvitte oss med den uvanen vi har med å lage søppel i naturen.

Eg vil oppfordre alle innbyggarane i Møre og Romsdal til å engasjere seg og bidra både i kampen mot forsøpling – og i arbeidet med opprydding av søppel.