Nytt legevaktsamarbeid frå 1. mai

– Bruk telefonnummeret 116 117 for å kome til legevakta, oppmodar Stranda legekontor.

Sykkylven Legesenter: Stranda tettstad og Sunnylven blir frå 1. mai dekt frå Sykkylven, Liabygda og Geiranger frå Ørskog. arkiv  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Frå 1. mai inngår Stranda legevaktsamarbeid med Ørskog, Sykkylven og Ålesund.

– Legevaktformidlinga vil sette deg over til riktig legevakt. Stranda har legevakt frå 0800 til 1530 alle kvardagar. Frå 1530 til 0800 er legevakta for Stranda og Sunnylven i Sykkylven. Høgtider og helg er legevakta frå 0800 til 0800 i Sykkylven, seier kommunelege Bjørg Johansen.

– For Geiranger og Liabygda er legevakta i Ørskog frå 1530 til 2200 kvardagar. Helg og høgtidsdagar er legevakta frå 0800 til 2200 i Ørskog. Frå klokka 2200 til 0800 er legevakta for Geiranger og Liabygda i Ålesund, seier ho.