Utbetaling av spelemidlar til Ljøbrekkas vener

Møre og Romsdal fylkeskommune har betalt ut spelemidlar til to av delprosjekta på Den Trondhjemske Postveg i Stranda kommune.

Ferdig med 4 av 6 delprosjekt: Ljøbrekkas vener rustar opp den gamle postvegen. Arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Rekneskapane viser at begge delprosjekta, nummer 3 og 4, har hatt ein lågare sluttkostnad enn godkjent kostnad i høve søknaden. Som Sunnmøringen har skrive før, gjeld desse prosjekta opprusting av Spønhaugen til Ljøsetra /Ljøsetra-toppen av Brekka. Leiaren i Ljøbrekkas vener, Petter Hjørungdal, har fortalt at opprusingsarbeidet er delt inn i til saman seks delprosjekt.

Opphavleg vart det gitt tilsegn om kr 1.000.000 i spelemidlar til delprosjekt 3 (P3) og kr 596.000 til P4. Sluttkostnaden for P3 kom på kr 1.483.998. Sidan tilskotet ikkje kan overstige 50 % av dette, vert det betalt ut kr 742.000, opplyser fylkeskommunen.

I P4 vart sluttkostnaden kr 990.572. Dette gjer at maksimalt tilskot i form av spelemidlar blir kr 495.000.

Til delprosjekt P3 er det allereie betalt ut kroner 850.000, noko som inneber at det blir eit frådrag på kr 108.000 i denne utbetalingsrunden.

Samla utbetaling blir dermed kr 387.000.