Ordførarane i Stranda og Aurland:

Felles uttale til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget

Eit fleirtal i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget gjekk torsdag inn for at det må innførast nullutslepp for cruiseskip og annan skipstrafikk i verdsarvfjordane og andre turistfjordar innan 2026. Det skal også vere fleirtal for at det bør etablerast ein strategi for landstraum og ladestraum i dei største hamnene og cruisehamnene i Noreg innan 2025, melde NTB. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Strandaordførar Jan Ove Tryggestad og ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad, sende måndag ein felles uttale om miljøtiltak i verdsarvfjordane til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Eit fleirtal i komiteen gjekk i førre veke inn for å krevje nullutslepp for cruiseskip og annan skipstrafikk i verdsarvfjordane og andre turistfjordar innan 2026. Komiteen leverte torsdag innstillinga si til stortingsmeldinga om norsk klimapolitikk fram til 2030, melde NTB.


 

Liste med innspel

Tryggestad og Distad er ordførarar i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, som mellom anna omfattar Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Dei skriv til komiteen at det er viktig å sikre verneverdiane, styrkje grunnlaget for lokal verdiskaping og legge til rette for at tilreisande kan få oppleve det unike fjordlandskapet.

Dei har sendt over følgjande liste med innspel til Energi- og miljøkomiteen:

• Det er positivt at det blir innført miljøtiltak som er berekraftige, realistiske og basert på fakta.

• Det er også positivt at det blir gjeve tid til omstilling slik at cruisenæringa og operatørar av turistruter får tid til å tilpasse seg dei nye krava.

• Innanfor tidsfristen som er skissert for verdsarvfjordane (i løpet av 2025), bør det vere tid nok til omstilling slik at dei same miljøkrava kan gjelde for heile landet. Det vil gi langt større miljøeffekt totalt sett og ein unngår konkurransevriding mellom destinasjonane. Vi oppmodar difor norske styresmakter om å arbeide for ei slik løysning.

• Det er også positivt med ein nasjonal/internasjonal standard og strategi for landstraum til dei største norske hamnene. Dette må følgjast opp med nødvendig statleg støtte til investeringar.

• Det er også bra at det ikkje blir stilt statlege krav om å avgrense storleiken på skip og tal på passasjerar i verdsarvfjordane. Desse tilpassingane kan best løysast/styrast av lokale styresmakter.

Lokale tiltak

Saman med Stranda hamnevesen og Aurland hamnevesen har dei to kommunane over tid gjennomført fleire miljøtiltak, skriv Tryggestad og Distad avslutningsvis.

– Dette går mellom på anna regulering av antal skipsanløp og miljørabatt til skip med låge utslepp. Vi deltek og i nasjonale samarbeidsprosjekt for å fremje meir miljøvennleg skipsfart og reinare fjordar og hamner. Kommunane våre vil difor gjerne samarbeide med statlege styresmakter i det vidare arbeidet med å utvikle løysingar for eit godt miljø og vekstkraftige lokalsamfunn.