Siste frist for innlevering av skattemeldinga

Ved midnatt måndag kveld er siste frist for innlevering av skattemeldinga for 2017.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Om du ikkje rekk å levere skattemelding innan den 30. april, er det mogleg å søkje om utsetjing i opptil ein månad.

«Frist for å søkje om utsetjing er 30. april klokka 24.00», heiter det på Skatteetatens nettsider.

Mange har sjekka

Allereie før helga hadde over 3 millionar lønnstakarar og pensjonistar opna skattemeldinga sin.

Det utgjer 86 prosent av totalt 3,5 millionar som får skattemeldinga digitalt.

– Det er bra at så mange har opna skattemeldinga. Vi håpar dei også har sjekka alle opplysningane, seier Jannicke Valbrek, leiar for kundeservice i Skatteetaten.

Ho oppfordrar endå ein gong folk til å sjekke opplysningane.

– Er alt som står der riktig? Er det noko du sjølv må fylle inn, som utleigeinntekter, eller formue eller inntekter i andre land? Sjekk også at du har fått med deg frådraga du har krav på, seier Valbrek i ei pressemelding.

160.000 telefonar

Ho minner om at skatteetaten har vegvisarar og kalkulatorar på heimesidene sine. I tillegg kan ekspertane i etaten nåast på Facebook, telefon og chat.

475.000 skattemeldingar var levert allereie ei veke før fristen. Det er fleire enn på same tidspunkt i fjor.

Sidan skattemeldinga blei tilgjengeleg 4. april, har det vore over 10 millionar sidevisingar på skatteetaten.no og 160.000 telefonoppringingar til etaten. Titusenvis har også chattar med skattemyndigheitene eller møtt opp fysisk på eit skattekontor.

Klart 27. juni

Finansminister Siv Jensen (Frp) har sjølv gitt nordmenn tre skatteråd: Sjekk tala, husk frådrag og lag budsjett.

– Eg er ein finansminister som meiner folk ikkje skal betale meir skatt enn dei skal, sa ho nyleg til NTB.

Skattemeldinga, som i fjor skifta namn frå sjølvmeldinga, inneheld ein førebels utrekning av kor mykje ein skulle betalt i skatt i fjor.

Tidlegast 27. juni er det endelege skatteoppgjeret klart, og det er også då dei aller fleste får skatteoppgjeret sitt.

(©NPK)