– Bli med på ryddeaksjonen!

Biletet er frå den spontane ryddeaksjonen blant dei yngste elevane ved Liabygda skule for halvannan veke sidan. Malin (7) og Håkon (10) samarbeider på skuleplassen.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

– Vi oppmodar alle strandarar til å vere med på ryddedugnad og gjere ein innsats for miljøet – og send gjerne inn bilete til oss når de er ute og ryddar opp, seier redaktøren i Sunnmøringen.

Frå 30. april til 6. mail er det strandryddeveke i regi av Hold Norge rent. NRK inviterer til ryddedugnad i dag, og laurdag er det den nasjonale strandryddardagen. NRK Møre og Romsdal inviterte avisredaksjonane i fylket til å vere med, noko Sunnmøringen sjølvsagt takka ja til.

– Vi har sendt invitasjonar til skular og barnehagar i området, og vi veit at fleire privatpersonar er ute denne dagen. Fjørstad krins skal mellom anna ha ryddedugnad. Vi oppmodar alle om å hive seg med, og ikkje minst: Knips bilete og send inn til oss og til NRK med emneknagg #nrkplast og #mittstranda på Instagram, seier redaktøren.

– Saman kan vi gjere ein stor forskjell. Eg vil spesielt oppmode alle om å rydde opp boksar ein finn ute i naturen. Om boksane kjem inn i slåtten, kan dette gje store lidingar for dyra som beiter, poengterer ho.

Det ein må gjere, er å melde inn til ÅRIM at ein deltek på aksjonen. Du registrerer din ryddeaksjon på Hold Norge Rent si heimeside. Då får ein tildelt ei kode, som ein nyttar for å gi beskjed om kor mykje ein har plukka og avtaler om levering på eiga skjema. ÅRIM opnar for at avfallet frå ryddeaksjonen kan bli henta saman med restavfall på ordinær renovasjonsrute og levering på Kjølen. Det viktige er at ein gjer avtale med ÅRIM i begge høve.

Hugs på hanskar, våtserviettar og god mat og drikke når du er ute.