Første cruiseskip i Storfjorden:

Eit sikkert vårteikn

MS Astor passerer Gravaneset.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

I dag, torsdag 3. mai, har vi besøk av årets første cruiseskip i Storfjorden: MS Astor.

Ifølgje cruiselista til Stranda hamnevesen er det 578 passasjerar om bord. I skrivande stund er skipet på veg til Geiranger, der blir verande frå kl. 19.00 til 19.30. Det vert med andre ord ein snarvisitt denne gongen.

Verdsarvbygda treng derimot ikkje vente lenge på neste besøk. Allereie i morgon, fredag, kjem Celebrity Silhouette med heile 2 850 passasjerar. Ho blir verande i Geiranger frå kl. 07.00 til 15.00.

Deretter kjem dei på løpande band: Arcadia (7. mai), Artania (9. mai) og Marco Polo og Serenade of the Seas (11. mai).

Etter planen skal alle desse berre til Geiranger, og ikkje innom Hellesylt. Første cruiseskip til Hellesylt denne sesongen er Balmoral (13. mai).