Kystrutehamnene:

Må finne like løysingar for landstraum

Hurtigruten driv i dag kystruta mellom Bergen og Kirkenes. Frå 2021 får dei konkurranse frå Havila.   Foto: Inger R. Kristiansen / NPK

Havila fekk kontrakt på kystruta mellom Bergen og Kirkenes saman med Hurtigruta. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og Per Sævik i reiarlaget Havila var begge godt nøgde med det.  Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Nye miljøkrav til kystruta frå 2021 skjerpar også miljøkrava til hamnene mellom Bergen og Kirkenes. Samferdselsministeren oppmoda hamnene om å utvikle like løysingar for landstraum.

Dei 34 hamnene langs kystruta mellom Bergen og Kirkenes møtte torsdag i Samferdselsdepartementet. Frå 2021 legg to reiarlag til kaiane deira. Både Hurtigruten og Havila har kontraktar med staten på kystruta. Hurtigruten skal operere sju skip, medan Havila kjem inn med fire nye skip.

– Det nye anbodet gir oss ein betre miljørekneskap, me får gassdrift og det blir installert batteripakkar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

I det nye anbodet ligg det nye miljøkrav til skipa. Dei skal ikkje gå på tungolje, dei skal sleppe ut 25 prosent mindre og skipa må vere tilrettelagt for landstraum. Det siste punktet får konsekvensar for hamnene langs kysten. Skipa skal bruke eksisterande kaiar og terminalar og bruke landstraum der det er infrastruktur til det.

Etterlyser standardisering av landstraum

Administrerande direktør Per Sævik i Havila oppmoda hamnene om å utvikle ladekapasiteten. Skipa til Havila treng å liggje ein time i hamn for å lade fullt, forklarte han.

– Det er viktig at de koordinerer og standardisere desse ladepunkta, sa Sævik til dei frammøtte.

Solvik-Olsen bad hamnene ha tett dialog med Enova på vegen vidare.

– Standardisering er nøkkelen her, sa han.

Trondheim hamn etterlyste ei køyrebok for korleis ein skal bli samkøyrde på det punktet, og statsråden lova å følgje opp det punktet med klima- og miljøministeren.

Bad hamnene behandle reiarlaga likt

Eitt av krava til Hurtigruten og Havila er at dei skal ha ein felles ruteplan. Det meiner Sævik i Havila at dei skal klare. Han er budd på både tøff konkurranse og samarbeid.

– Me konkurrerer når me kan og me samarbeider når me må, seier Sævik.

Hurtigruten har sagt at dei vil segle som før.

– Viss Hurtigruten vil bruke dei fire andre skipa dei har i dag langs kysten, står dei fritt til det. Men det vil vere eit dårleg signal om det ikkje er plass til Havila når dei kjem innom med sitt skip, og Hurtigruten ligg der med eitt av cruiseskipa sine, seier Solvik-Olsen.

– Det er viktig for oss at dei behandlar likt dei to reiarlaga, la samferdselsministeren til.

(©NPK)