Lakseoppdrettarar kan bli pålagt grunnrenteskatt:

Tente 27 milliardar på fri bruk av norske fjordar

Oppdrettarar tener gode pengar på å bruke norske fjordar til produksjon av laks. Illustrasjonsfoto.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyhende

Rekordhøge lakseprisar har dei siste åra har gjort at sjømatnæringa har tent gode pengar. I 2016 tente fiskeoppdrettarane 27 milliardar kroner i grunnrente, viser ei utrekning.

Grunnrente er den ekstra fortenesta ei næring får ved å tene pengar på naturressursar som fisk, kraft eller olje.

Det er førsteamanuensis Mads Greaker ved Universitetet Oslomet som har gjort utrekninga.

– Grunnrenta på lakseoppdrett i 2016 var veldig høg, da fekk oppdrettarane 27 milliardar kroner i ekstra profitt. Det er meir enn vasskrafta, som i 2016 hadde ein grunnrente på 18 milliardar kroner, seier Greaker til Dagens Næringsliv.

Regjeringa skal greie ut og eventuelt føreslå ein grunnrenteskatt på havbruk. Grunnrenteskatten for vassverk dannar så langt modell for utgreiinga. Skatten er planlagd innført i 2020 og vil omfatte laks, aure og regnbogeaure. Ein slik «kraftskatt» for oppdrettarane på 35 prosent av overskotet, like høg som i kraftbransjen, ville gitt staten 10 milliardar kroner i ekstra inntekter i 2016. Truleg ville det vore like mykje i 2017, 2018 og 2019, skriv Dagens Næringsliv.

Sjømataksjane på Oslo Børs har falle denne veka etter at nyheita frå regjeringa blei kjent. Sjømat Norge, som er landsforeininga for fiskeri- og havbruksnæringa, åtvarar mot dobbel skattlegging. Greaker meiner den frykta er grunnlaus.

– Oppdrettarane har ekstraordinær lønnsemd som kjem av bruk av avgrensa naturressursar. Ei gjennomtenkt grunnrenteskattlegging vil vere ein rein profittskatt som slår inn nokre år for nokre selskap når det er store overskot. Det er berre det ekstraordinære overskotet som skal skattleggjast, seier Greaker til avisa.

(©NPK)