Nullutslepp i verdsarvfjordane innan 2026:

Samrøystes vedteke i Stortinget

Illustrasjonsfoto frå arkivet.  Foto: Svein Lunde

Nyhende

Torsdag vart klimameldinga og tilrådinga frå Klima- og miljøkomiteen lagt fram for Stortinget.

Følgjande forslag vart samrøystes vedteke:

  • Stortinget ber regjeringa implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar samt andre egna verkemiddel for å sørge for innfasing av låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten fram mot 2030, medrekna å innføre krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane så snart det er teknisk gjennomførbart, og seinast innan 2026.
  • Stortinget ber regjeringa greie ut verkemiddel for kutt i klmagassutslepp frå oppdrettsnæringa, og kome tilbake til Stortinget med dette.
  • Stortinget ber regjeringa greie ut strengare krav til utslepp av svart- og gråvatn frå cruiseskip.
  • Stortinget ber regjeringa sette i verk tiltak for å gjere passasjertransporten på hurtigbåt utsleppsfri, basert på hydrogen- eller el-batteriteknologi. Regjeringa blir beden om å følge opp fylkeskommunane si rolle som innkjøpar av desse transporttenestene med nødvendig kompetanse og incentiv.
  • Stortinget ber regjeringa sikre, gjennom krav og/eller støtteordningar, at ferjestrekningar og hurtigbåtar på offentleg anbod nyttar null- eller lågutsleppsteknologi, der det ligg til rette for det.
  • Stortinget ber regjeringa vidareutvikle programmet for grøn skipsfart til å omfatte nullutslepps- og hybridkonsept for ulike fartøykategoriar innan 2030.
  • Stortinget ber regjeringa om ein heilskapleg strategi for forsking, teknologiutvikling og bruk av hydrogen som energiberar.
  • Stortinget ber regjeringa ta initiativ til sonderingar med dei andre nordiske landa med tanke på ein felles nordisk hydrogenstrategi.
  • Stortinget ber regjeringa vurdere ein handlingsplan for utbygging av biogass i Norge.
  • Stortinget ber regjeringa ta initiativ til eit samarbeid med biogassbransjen om å etablere ein bransjenorm for biogass for å dokumentere klimanytten av norsk biogass og til bruk for Miljødirektoratet i rapporteringa av biodrivstoff.
  • Stortinget ber regjeringa gjennomgå verkemidla for kombinert oppvarming og straumforsyning (CHP) med særleg sikte på små, prefabrikkerte biogassanlegg og solcelleanlegg retta mot landbruket.

Ei utgreiing av eit nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar vart og samrøystes vedteke, etter forslag frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Med 97 stemmer for og 2 mot, vart også følgjande forslag frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti vedteke:

  • Stortinget ber regjeringa arbeide for ein internasjonal standard, og etablere ein strategi, for landstraum og ladestraum i dei største hamnene og cruisehamnene i Noreg innan 2025. Dette inkluderer ein felles standard for klima- og miljøkrav i norske hamnar.

Forslaget om å be regjeringa legge fram sektorvise ambisjonar for kutt i klimagassutsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor vart også vedteke. Dette fekk 96 røyster for og 2 mot.

Lågutsleppssamfunn innan 2050

I innstillinga frå Klima- og miljøkomiteen går det fram at Noreg gjennom Paris-avtalen har forplikta seg til å redusere utsleppa med minst 40 prosent samanlikna med 1990.

Det er og lovfesta gjennom Klimalova at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Målsettinga er ein reduksjon i klimagassutsleppa på 80–95 prosent samanlikna med referanseåret 1990.